fbpx

– Koronasituasjonen øydela livet mitt. Både privat og profesjonelt.

Helsefagarbeidar: Koronasituasjonen øydela livet mitt. Det er mitt største ønske at denne historia kjem ut. Samstundes fryktar eg for framtida mi dersom identiteten min blir kjent. Eg ønskjer difor å vere anonym.

Photo by Daniil Onischenko on Unsplash

Mann, 37 år: Eg har fagbrev som helsefagarbeidar, og mastergrad i kultur og samfunnsvitskap. Eg jobba i Bergen kommune i 15 år. Eg har jobba i bufellesskap, butiltak, på ambulerande team og på sjukeheim. Eg har hatt verv som verneombod og plasstillitsvalt. Eg speler fleire instrument, og brukte å underhalde brukarar og bebuarar.

I byrjinga av 2020 hadde eg alt.

I 2017 var eg klar for nye utfordringar og skifta etat. Eg byrja å jobbe på ein sjukeheim i Åsane bydel, og vart godt likt. Mine sterke meiningar om saker og ting vart godtekne og av mange respektert.
– Dei trong folk som sa i frå, sa dei.
Så forelska ei av sjukepleiarane seg i meg. Ho hadde ein liten unge, han og eg fann tonen. I byrjinga av 2020 hadde eg alt. Eg var i eit forhold, eg var stefar til ein liten gut, og eg hadde viktige verv. Eg og min dåverande kjærast snakka om å kjøpe leilegheit saman og få ein unge i lag. Eg hadde tenkt å fri til kjærasten min, og la av pengar til forlovelsesring.

Alle skulle halde avstand, halde kjeft og rette seg etter ordrar frå toppen.

So kom 12.mars 2020. To veker for å slå ned smitta trakk ut. Alle skulle isolere seg, halde avstand og for all del ikkje stille spørsmål ved effekten av «tiltaka». I mitt tilfelle førde det til at ein i utgangspunktet sosial og triveleg sjukeheim over natta vart forandra til ei spøkjelsesverd av stengde dører. All fellesaktivitet opphøyrde. Prest, aktivitørar, frisør og fotpleiar fekk ikkje kome inn. Det fekk heller ikkje dei pårørande. Bebuarane vart isolerte på si eiga avdeling i fleire månader utan å møte sine kjære. Dei fekk ikkje eingong kome ut dørene og trekkje friskluft. Eg vart hjelpelaust vitne til at dei sakte visna hen. Og det var ingen kommunikasjon mellom avdelingane, heller ingen felles personalmøte. Dialog, helsefagleg diskusjon og refleksjon opphøyrde. Alle skulle halde avstand, halde kjeft og rette seg etter ordrar frå toppen.

Panikk og karantene

Tilsette kunne plutseleg bli sett i ulike former for karantene fordi ein tilsett i panikk hadde testa seg fordi ho var litt småsnufsete. Bebuarar kunne plutseleg bli sperra inne på sine eigne rom. Leiinga kalla det «smittevernregime i påvente av prøvesvar». Eg kalla det pining av eldre demenspasientar. Ein av dei låg og ropte i angst heile si vakne tid dei gongene vedkomande vart utsett for dette «regimet».

Forholdet vårt gjekk til grunne fordi vi mildt sagt hadde ulikt syn på koronasituasjonen. Ho var vitskremd av det ho høyrde på nyheitene medan eg, som las uavhengige media, såg raskt at det var inga grunn til bekymring. Eg bekymra meg meir for at styresmaktene over heile verda såg ut til å ha avskaffa både grunnlov og menneskerettar. Eg vart brått singel og kasta ut av hennar leilegheit. Eg såg aldri den vesle guten igjen.

Ny leiar

Så fekk sjukeheimen ny einingsleiar. Vi to var fagleg ueinige om kva som var god eldreomsorg. Ho mangla den jordnære tilnærminga som den førre einingsleiaren hadde, og var skremd frå sans og samling av den ustanselege skremselspropagandaen frå toppen. Ting byrja raskt å gå til helvete.

Tidleg i 2021 starta massevaksineringa av bebuarane. Vaksinane var ikkje formelt godkjende, og ein ante ingenting om langtidsbiverknader. Eg spurde avdelingsleiar kven som hadde ansvaret om bebuarane døydde av vaksinen. Ho trekte på skuldrene og sa: – Erna Solberg.

Flesteparten av dei hadde inga aning om kva som føregjekk. til det var dei altfor demente.

«Seremonien» fann stad ein kald januardag. Ein sjukepleiar byrja å setje sprøyte på bebuarane. Flesteparten av dei hadde inga aning om kva som føregjekk – til det var dei altfor demente. Ein av bebuarane hadde tjue minutt tidlegare kasta opp, og eg hadde difor isolert ho med den intensjon å ordne ei oppkastprøve for å utelukke magevirus. Sjukepleiaren ignorerte smittevernregimet, og gjekk inn på rommet til ein spysjuk bebuar utan verneutstyr og sette sprøyta. Nokon oppkasttest fann aldri stad.

Heller døy fri enn leve som skremd slave

Dette var dropen som fekk begeret mitt til å flyte over. Nokon måtte seie i frå, elles kom dette aldri til å ta slutt. Eg var viljug til å vere den som ofra meg, eg ville heller døy fri enn å leve som ein skremd slave. Eg konkluderte at eg i det minste skulle gjere eit forsøk på å få dialog, og byrja å setje meg inn i fakta rundt korona. Eg innsåg at dette kom til å koste meg jobben. Eg rekna med at det ville vere verdt det.

Min undergang starta ved at eg delte «COVID-filmen 2020» på Facebook-sida til tilsette på sjukeheimen. Intensjonen min var å få ein etisk og helsefagleg diskusjon. Og kor skadelege «tiltaka» hadde vore, spesielt for bebuarane. Dagen etter fekk eg ein telefon frå einingsleiar, ho ville eg skulle slette innlegget. Ho gav ingen grunn. Eg sa at det burde vere opp til moderator i gruppa å avgjere om eit innlegg skulle slettast. Då sa einingsleiar at ho ville ha meg inn til samtale. Innlegget vart like etter fjerna.

Det kom kort tid etter påstandar om at eg hadde blitt observert i «bebuarnære relasjonar» utan munnbind. På den tida kravde retningslinjene munnbind dersom tilsette var nærare ein bebuar enn to meter. Inga helsefagleg grunngjeving fanst, og på min førespurnad ville heller ingen gje meg ei. Einingsleiar oppretta personalsak. Så fekk eg skriftleg advarsel for å ha delt ein dokumentar, og for å ha brote retningslinjene for bruk av munnbind.

Eg takka nei til vaksine

I mai kom det plutseleg nye retningslinjer frå etaten, igjen utan noka helsefagleg grunngjeving. Fullvaksinerte slapp no å bruke munnbind i bebuarnære relasjonar, medan uvaksinerte framleis måtte det. Eg var ein av dei få som hadde takka nei til vaksine. Uvaksinerte vart «oppmuntra» til å ta vaksine, slik at dei slapp å bruke munnbind. «Ta sprøyta, so kan du hive maska!» Eg ante konturane av eit medisinsk apartheidsystem.

Så hadde eg arbeidshelg med langvakter. Av oss fire kollegaene, var berre ei fullvaksinert. Soleis var vi tre stykke med munnbind, og ei utan. Måndagen fekk eg telefon frå to av dei. Begge hadde blitt utsett for det dei opplevde som eit ubehageleg avhøyr frå einingsleiar. Spørsmåla hadde dreia seg om min – og berre min – munnbindbruk i helga. Leiaren meinte at ho hadde lov til å utføre slike «kontrolltiltak».

Ingen tenkte sjølv

Eg var lei av at alle sa at dei berre følgde retningslinjene. Ingen tenkte sjølv. Alle berre utførde ordre. Ingen ville ta ansvar, men alle ville behalde moglegheita til å straffe. Så sa einingsleiar og etatsdirektøren at situasjonen hadde «eskalert», og at dei vurderte meg som ein «fare». Eg måtte levere frå meg garderobenøklar og kodebrikke og forlate sjukeheimen umiddelbart. Så fekk eg eit brev frå ein jurist i byrådsavdelinga, Bergen kommune vurderte avskjed.

Etter den beskjeden følgde ei lang rekke «tiltalepunkt». Eit om at det hadde blitt reagert på at eg hadde beroliga ein engsteleg bebuar med at korona ikkje var farleg for folk flest. Ho var redd for at døtrene hennar kom til å bli smitta og døy av korona.

Umogleg å få ny jobb

Avskjed er den verste disiplinærstraffa i Arbeidsmiljølova. Arbeidsforholdet blir avslutta på dagen utan oppseiingstid, og det vil stå i sluttattesten at ein er avskjediga. Å få ny jobb blir i praksis umogleg. Inntekta opphøyrer over natta. Dette blir vanlegvis gjort ved straffbare handlingar som valdsbruk, tjuveri og underslag.

Eg skulle til å gjennomføre sjølvmord, men vart stoppa i siste liten av ambulansepersonell som kom på døra.

Så var eg i eit nytt møte i byrådsavdelinga. Kommunaldirektøren hadde bestemt at dei skulle velje ei «smidigare» løysing enn avskjed. Eg vart tilbydd ein sluttavtale. Svarfristen var 48 timar, det var ikkje rom for forhandling.

Vaksinere so mange som mogleg med vaksinar som ikkje er skikkeleg vitskapleg testa?

Slik eg tolkar situasjonen, kokte det heile ned til djup, gjensidig mistillit betinga i koronasituasjonen. Eg meinte, og meiner, at Bergen kommune har begått grov medisinsk uforstand ved å ukritisk massevaksinere unge, friske menneske mot eit virus som berre utgjer ein risiko for eldre og personar med alvorlege, underliggjande tilstandar. Det kom interessant nok fram under denne personalsaken at eg ved å dele «COVID-filmen 2020» hadde handla i strid med arbeidsgjevars interesser. Då kan ein spørje seg sjølv kva dei interessene eigentleg er. Vaksinere so mange som mogleg med vaksinar som ikkje er skikkeleg vitskapleg testa?

Godtok avtalen

Eg godtok avtalen, ettersom han trass alt var betre enn rein avskjed. Eit av punkta var at eg sa ifrå meg retten til å søkje på stillingar eller ta oppdrag i Bergen kommune i framtida. Eg jobba i ein nabokommune sommaren 2021, ein jobb eg stortrivdes i. Det er ei stor ulempe at eg ikkje kan ta oppdrag i same kommunen som eg bur i. Det har også vore ei utfordring å forsøke å «bortforklare» kvifor eg berre kan ta oppdrag i kommunane rundt Bergen, og ikkje i sjølve Bergen. Eg har i det siste søkt på fleire stillingar i ein nabokommune.

Framtida mi er usikker, for å seie det mildt.

Kort fortalt utførde Bergen kommune ei juridisk gymnastikkøving for å fjerne det dei oppfatta som ein «brysam» tilsett. Alt er betinga i koronasituasjonen. Kven veit korleis livet mitt hadde vore no om 12.mars hadde vore ein heilt vanleg dag.

Dette er mi historie.


Les mer fra hemali

hemalis redaktør: – Les dette før du dømmer meg, den uvaksinerte
Han lurte oss, koronajækelen. Han sneik seg unna.
Vaksinen kan gi autoimmune reaksjoner.
Hva?? Har du ikke vaksinert deg?? Hvorfor ikke??

Følg oss!

0FansLike
0FollowersFollow

Jeg har fire spørsmål til våre helsemyndigheter

Min sønn, samboer og jeg har alle tatt de ordinære vaksinene. Min motvilje mot Covid-19-vaksinene vil sannsynligvis koste meg min frihet.

Gry Hammer om «skolemedisinere» og «alternativere»: – Vi må snakke sammen!

Forfatter Gry Hammer ser steile fronter, vitenskap brukt som skyts, arroganse og krenkelse mellom det «skolemedisinske» og «alternative».

Lege Stig faster minst 14 timer hver dag

-Ingen diett, ingen kur, men en livsstil, sier fastlege Stig Bruset (64). Vekten har satt seg, energien er på, smerten i kneet er vekk. – Og kona at jeg har sluttet med pustestopp om natten. Jeg sover bedre.

Les mer om ...

Jeg har fire spørsmål til våre helsemyndigheter

Min sønn, samboer og jeg har alle tatt de ordinære vaksinene. Min motvilje mot Covid-19-vaksinene vil sannsynligvis koste meg min frihet.

Gry Hammer om «skolemedisinere» og «alternativere»: – Vi må snakke sammen!

Forfatter Gry Hammer ser steile fronter, vitenskap brukt som skyts, arroganse og krenkelse mellom det «skolemedisinske» og «alternative».

Lege Stig faster minst 14 timer hver dag

-Ingen diett, ingen kur, men en livsstil, sier fastlege Stig Bruset (64). Vekten har satt seg, energien er på, smerten i kneet er vekk. – Og kona at jeg har sluttet med pustestopp om natten. Jeg sover bedre.

Faktisk.no dømmer hemali. Men sentrale politikere kan ikke «straffes» av Facebook.

Verken riksmedier eller sentrale politikere granskes av Faktisk.no som andre plattformer: "Selv om en viktig del av Faktisk.nos arbeid er å faktasjekke påstander fra politikere, har Facebook bestemt at påstander fra sentrale politikere ikke skal legges inn i verktøyet".t".

Psykologen og legen: – Men størst av alt er skjønnheten

Birgit og Andreas frykter for følgene av krisen: Svekket immunforsvar, psykisk uhelse, splittet befolkning. Men de prøver å se lyset.