fbpx

Personlegdomsforstyrringar – eit trugsmål mot folkehelsa

Det er no på høg tid å påpeike elefanten i rommet. Dette er noko som i den seinare tid har eskalert til ein pandemi.

Av Daniel Vagstad

Bildet er tatt av robinsonk26 fra Pixabay

Daniel Vagstad

Og som har øydelagt liva til tallause menneske rundt om i verda. Dette trugsmålet mot folkehelsa har negativt påverka økonomien. Det har ført til konkursar frå nord til sør, og har ikkje minst breidd seg som ein kreftsvulst frå pol til pol. Vi er vitne til den verste katastrofen i menneskeætta si historie. Og enkelte nektar til og med for at denne patologiske tilstanden finst.

Eg snakkar her naturlegvis om personlegdomsforstyrringar. Eit karakteravvik so giftig at det øydelegg menneska rundt seg. Den seinare tid har dette patologiske karakteravviket blitt sopass vanleg at ein skulle tru det var smittsamt.

Endemisk

Personlegdomsforstyrringar har sannsynlegvis alltid eksistert; det er med andre ord endemisk. Der finst mange typar, der fellestrekka er mangel på empati, tendens til manipulering og ein uvilje til å ta ansvar for sine handlingar. Det er alltid alle andre enn personen sjølv det er noko i vegen med. Den sjuke manglar evna til å sjå konsekvensane av sine handlingar.

Overflatisk sjarm er også eit fellestrekk. Det kan forklare kvifor personar med personlegdomsforstyrring på mystisk vis klarer å grafse til seg leiarstillingar og klarte oppover i hierarkiet. Dei aller sjukaste endar opp med å styre landet gjennom dekret.

Psykopat på folkemunne

På folkemunne blir den sjuke kalla psykopat. I gamle dagar var dette ein nøytral psykiatrisk diagnose, men er i våre dagar uforklarleg rekna som eit skjellsord. Visse individ vil ikkje vedkjenne seg at psykopatar finst, og tek sterk avstand frå det dei kallar «simpel namnekalling». Dette forsvaret er etter mitt syn problematisk på to måtar:

  • For det fyrste vil det å gje nokon ein «diagnose» fråta dei ansvaret for sine handlingar – dei er jo sjuke.
  • For det andre vil det å ikkje godta at psykopati finst, vere å leve i farleg fornekting.

Det er til og med ikkje lenger stovereint å kalle nokon ‘vanskeleg’. Enkelte hevdar faktisk at ingen menneske er vanskelege – dei berre har det vanskeleg.

Konspirasjonsteoriar og feilinformasjon rundt personlegdomsforstyrring ser diverre ut til å bli meir og meir vanleg.

Vitenskaplege testar om personlegdomsforstyrring

Der eksisterer mange vitskaplege testar for å finne ut om nokon er personlegdomsforstyrra. Ein av dei mest brukte, er no i praksis er einerådande i helsesektoren. Lista baserer seg på visse personlegdomstrekk som ein nesten berre finn blant slike mennesketypar.

Der finst diverre fleire individ rundt om i verda som trekkjer O’Hares «psykopattest» i tvil. Desse utskota meiner at testen har klare vitskaplege manglar. Spesielt ettersom den som diagnostiserer nesten alltid inkluderer for mange trekk frå lista. Då kan uskuldige karaktertrekk hjå den «sjuke» bli forstørra sopass at eit falskt sjukdomsbilete blir danna.

Dei fleste som får diagnosen er visstnok ikkje klar over at dei er sjuke. Dei mest ekstreme konspirasjonsteoretikarane vil til og med hevde at psykopatdiagnosen blir gjeven når det er behov for ein auke i talet tilfelle i samfunnet. Ved fleire høve har det blitt påstått at heile psykopatomgrepet er ein politisk konstruksjon; talet tilfelle dei siste 18 månadene har eksplodert over heile verda på grunn av det dei kallar «overtesting».

Desse galne sjelene påstår at testen genererer so mange falske positive at han i praksis er ubrukeleg.

Fleire uavhengige og på ingen måte statsstøtta faktasjekkarar har heldigvis avkrefta denne farlege feilinformasjonen. Det logiske resonnementet heng ikkje på greip. Kven tener på at «alle» får psykopatdiagnose om dei er sjuke eller ikkje?

Alvorleg trugsmål mot folkehelsa

Personlegdomsforstyrringar er eit høgst reelt problem og eit blodig alvorleg trugsmål mot folkehelsa, og eg meiner at det må drastiske grep til verks for å slå ned talet tilfelle på verdsbasis. Vi må ta i bruk det vi har av metodar frå verktøykassen.

Våpenet vårt vil difor vere å diagnostisere so mange som mogleg, so tidleg som mogleg.

For det fyrste må vi erkjenne at slike menneske har ingenting i vårt samfunn å gjere. Dei er ein pest og ein plage. Dei nektar til og med å godta at dei er sjuke. Våpenet vårt vil difor vere å diagnostisere so mange som mogleg, so tidleg som mogleg. O’Hares test kan enkelt gjerast om til ein hurtigtest. Alle må testast for personlegdomsforstyrring via kommunale teststasjonar med kvalifisert helsepersonell. Ambulerande team som går frå dør til dør må også opprettast, helst i følgje av politi eller militære.

Vi må spore opp, teste og isolere desse monstera før dei rottar seg saman og innfører eit globalistisk teknokrati som kan øydeleggje verda slik vi kjenner ho.

Vi må innføre eit slags sertifikat som skil dei sjuke frå dei friske. Ein grøn farge indikerer at personen er fullstendig fri for personlegdomsforstyrringar, medan ein raud farge indikerer at personen er sjuk. Dette sertifikatet vil dermed fungere som ein naudsynt passersetel i samfunnet. Dei med raud farge bør nektast deltaking på offentlege arrangement. Dei bør ikkje få tilgjenge til kjøpesenter, utestader, offentlege bygningar, offentleg transport og butikkar. Det bør også leggjast sterke føringar på rørslefridommen deira – ingen med raud farge bør få ta eller ha førarkort. Kontakt med andre menneske er naturlegvis forbode.

Dugnad vil slå ned personlegdomsforstyrringar

Denne naudsynte differensieringa mellom personlegdomsfriske og personlegdomsforstyrra handlar om tryggleiken til sjølve menneskeætta. Når dette personlegdomssertifikatet er fullstendig implementert, er det enkelt å skilje ut desse farlege individa og isolere dei på eigna stader. Helst i leirar ute i ingenmannsland der ingen kan høyre deira forpinte skrik.

Ved å gjennomføre denne dugnaden kan vi som samfunn slå ned personlegdomsforstyrringar ein gong for alle.

Kurven skal bli flat som ei padde, folkens!


Les mer fra hemali

Det er de vaksinerte som nå sprer det muterte viruset
Det finnes en behandling for Covid-19. Utviklet av erfarne leger.
Lekkasjer fra avtalen mellom regjeringer og Pfizer: – En kontrakt mest for Pfizer, eller for borgerne?
Poleszynski: – Dette gjør jeg for å beskytte meg mot virus.

Følg oss!

0FansLike
0FollowersFollow

Tilsvar: Jo, 14.933 har faktisk dødd etter vaksinering i Norge på åtte måneder

Tallet over er uavhengig av utløsende dødsårsak. Vi ser det spres feilinformasjon fra Faktisk.no som har blitt gjentatt i NRK og Nettavisen.

Professor: – Mettet fett er ikke farlig.

Den danske professoren Arne Astrup er blant verdens mest siterte og publiserte. Men kanskje er han mer kjent for å tale mot makten etter at han snudde i synet på mettet fett.

Ivermectin er tåkelegging. Dette er årsak:

Det er fantastisk at legeindustrien har greid å få til en krangel om hvilke legemidler som virker eller ikke virker mot covid-19. Ivermectin er genialt som tåkelegging for å få fokuset bort fra årsaker.

Les mer om ...

Tilsvar: Jo, 14.933 har faktisk dødd etter vaksinering i Norge på åtte måneder

Tallet over er uavhengig av utløsende dødsårsak. Vi ser det spres feilinformasjon fra Faktisk.no som har blitt gjentatt i NRK og Nettavisen.

Professor: – Mettet fett er ikke farlig.

Den danske professoren Arne Astrup er blant verdens mest siterte og publiserte. Men kanskje er han mer kjent for å tale mot makten etter at han snudde i synet på mettet fett.

Ivermectin er tåkelegging. Dette er årsak:

Det er fantastisk at legeindustrien har greid å få til en krangel om hvilke legemidler som virker eller ikke virker mot covid-19. Ivermectin er genialt som tåkelegging for å få fokuset bort fra årsaker.

Marianne: –Allergisk mot Penicillin, så hvorfor tilbys jeg Pfizer igjen og igjen?

Grunnet allergi registrerte jeg meg ikke for vaksinen. Likevel fikk jeg så mange innkallelser og sms-er om å ta den at jeg til slutt kom ut av tellingen.

Åpent brev til kommuneoverlege Lyngen: – Du latterliggjør

Det du i realiteten gjør, med utmerket hjelp fra NRK og til stående applaus fra Folkehelseinstituttet (FHI), er å latterliggjøre alle dem som ikke deler ditt syn.